– Me fann at dataspeling hadde effekt på reaksjonsevna for dei som speler 5-10 timar i veka, fortel Michael Stautland og Erlend Fauskanger Ekberg.
Elevane ved Bømlo vidaregåande skule har fått fleire medelevar til å ta forskjellige reaksjonstestar. Forskinga er gjort gjennom prosjektet Holbergprisen i skolen, der elevane har fått opplæring i forskingsmetode.
– Dataspeling kan vera positivt
I mars meldte Danmarks Radio at Forsvaret i Danmark søkjer etter gamerar som flygeleiarar. Gaming hjelper til på både reaksjonsevne, multi-tasking og den romlege forståinga. Bemanningsselskapet Manpower tilrår unge å føra opp gaming på CVenfordi gamerar trener på samarbeid, planlegging og organisering gjennom å spela fleire saman.
– Det er ein god del ungdommar som opplever å få kjeft frå foreldra sine fordi dei speler data. Me ville visa at speling kan føra til noko positivt, seier Michael Stautland.
Skytespel har best effekt
Dei unge forskarane fann at gutar i snitt har betre reaksjonsevne enn jentene, sjølv dei som speler like mykje.
– Me veit ikkje kva dette kjem av, men me laga ein liten teori om at det kan vera fordi desse jentene bruker meir tid på andre typar spel enn skytespel. Det er dei som speler skytespel som har raskast reaksjonsevne i våre testar, seier Michael Stautland.
Sjølv speler han og Erlend Fauskanger Ekberg ein god del sjølv.
– Det går ein del i CS Go, fortel han.