Til halloween er det mange som lagar slim – eit spøkelseslim eller ektoplasma, som han også kallar det. Det er ei slimaktig masse som du kanskje har sett i filmar som Ghostbusters.
For å lage ektoplasma treng du:
- Ei skål eller eit underlag som toler lim.
- Hobbylim (PVA-lim)
- Barberskum
- Farge (konditorfarge eller måling. Levi brukar konditorfarge)
- Linsevatn
- Natron
Slik gjer du det:
- Bland like stor del av lim og barberskum.
- Ha i litt mindre enn ei t-skei natron.
- Putt på litt og litt linsevatn, slik at det bind seg.
- Når massa startar å binde seg må du kna med hendene.
- Er det for slimete har du i meir linsevatn.
- Kna inn farge.
VIKTIG: Mange limtypar inneheld ting som kan vere skadeleg. Spør alltid ein vaksen om råd. Det er svært viktig at du ikkje et slimet, og ikkje får det i auga. Du må heller aldri bruke superlim.
Og så litt naturfag. Kvifor blir dette slim?
- Limet inneheld polymer som heiter PVA, poly vinyl acetat. Polymer er superlange molekyl som heng saman i lange trådar.
- Natron hjelp til med å klargjere trådane i polymeret til å knyte seg saman. Tek ein for mykje natron vil det bli hardt.
- Linseveska inneheld bor-syre. Denne syra hjelp til å knyte trådane i polymeret saman.