– Vi ønskjer å markere den internasjonale dagen for Downs syndrom ved at alle tar på seg to ulike sokkar for å vise at ein set pris på at vi er ulike, fortel Maria Elisabeth Selbekk, informasjonsansvarlig i organisasjonen Menneskeverd.
– Vi seier at det å gå med to ulike sokkar er å “vise omsorg frå topp til tå”. Vi håpar mange vil leggje ut bilete av sokkane sine under hashtaggen #rockesokk, seier Maria Elisabeth.
Downs syndrom
Ein person med Downs syndrom har eit ekstra kromosom 21, slik at denne personen har tre i staden for to kromosom 21. Cellene inneheld kromosom. Kromosom kjem til syne når ei celle deler seg. I cellekjerna finn vi også arvestoffet vårt, som blir kalla DNA.
Rundt 1 av 700 barn blir født med Downs syndrom. I 2017 blei det født 70 barn med Downs syndrom.