OPPSKRIFT: To enkle veganske favorittar

På Veganeren.com deler Cathrine og Gunnar dei beste veganske oppskriftene sine. Desse oppskriftene er blant favorittane blant barna på 10, 11, 14 og 15 år.

Vegansk betyr at det ikkje er brukt noko frå dyr; korkje kjøt, mjølk eller egg.

Bønnestuing til tacoen

Ingrediensar:

1 boks kidneybønner

1 boks svarte bønner (eller berre bruk kidneybønner i staden)

1/2 stor lauk, hakka

2 fedd raspa kvitløk

3 ss næringsgjær

Masse spisskummen, pepar, litt chilipulver, løkpulver, kvitløkspulver

Litt vatn

Ein halv terning grønsaksbuljong

Slik gjer du:

Ha litt olje i ei gryte og fres løk og kvitløk. Ha i ca. ein halv dl vatn, bønnene og krydderet – rør godt. La alt putra på middels varme i ca. 10-15 minutt, til bønnene har byrja å sprekka opp.

Skru av varmen og mos bønnene litt.

Tilset litt vatn om det trengst.

Server til taco eller nachos. Kjempegodt!

Nydeleg ostesaus

Ingrediensar:

3 gulrøter

2 poteter

1 dl vatn

1 ts Dijonsennep

Nokre dropar god eddik

2 ts buljongpulver

1 ss sitronsaft

1,5 dl næringsgjær

1-2 ts Bac’uns (kan sløyfast)

1/2 ts kvitløkspulver

1/2 ts løkpulver

Eventuelt litt chilipulver

Slik gjer du:

Skrell poteter og gulrøter og del dei i bitar om du vil dei skal koka raskare. Ha dei i ei gryte – kok opp og la det småkoka til alt er mørt.

Hell av vatnet og la det avkjøla til det er romtemperert. Ha det i ein blendar eller food processor og køyr saman med resten av ingrediensane til det er ein fin saus. Smak til med meir krydder og næringsgjær om det trengst.