1) Les bøker som du synast er bra, og spekuler litt på kva som gjer at dei er så bra. Då lærer du garantert nokre knep.
2) Folk seier mykje rart. Prøv å samle på noko av det, og putt det inn i det du skriv. Ein treng ikkje å finne på alt sjølv.
3) Skriv når du er skikkeleg sint, eller skikkeleg lei deg eller skikkeleg glad – dei orda du finn då, får ofte dei som les til å kjenne det på same måten.
4) Kjenn etter i magen om du verkeleg likar å skrive. Viss ikkje blir det ganske kjedeleg å vere forfattar, for det er mykje skriving, altså.
5) Hugs å leve og bry deg om andre. Det gjeld uansett kva du skal bli, og er det viktigaste av alt uansett.
- LES OGSÅ: Dette var favorittbøkene til Maria då ho var barn
- LES OGSÅ: Maria Parr fekk Sultprisen