Maria Parr har vunne endå ein bokpris

Ho fekk Sultprisen frå Gyldendals legat. Prisen er på 250 000 kroner. Maria er den fyrste barnebok-forfattaren som får denne utmerkinga.

Maria Parr

Maria Parr (36) er ein av Noregs mest kjende forfattar innan barnelitteraturverda. Ho har mastergrad i nordisk litteratur og er også utdanna lærar.

Maria har gitt ut tre bøker. Vaffelhjarte (2005), Tonje Glimmerdal (2009) og den siste, Keeperen og Havet (2017).

Vaffelhjarte har blitt TV-serie på NRK Super, og har i likheit med Tonje Glimmerdal, også vorte dramatisert på teaterscenen. No er det også snakk om at Tonje Glimmerdal skal bli filmatisert.

Maria har fått ein rekkje prisar for bøkene sine. Mellom anna Brageprisen for Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet.

LES FAKTALUKK FAKTA

Sultprisen kjem frå Gyldendals legat. Gyldendal er eit forlagshus som også gir ut bøker.

Maria Parr har “berre” gitt ut tre bøker, men er ein stor og viktig forfattar for barnelitteraturen i Noreg.

– Det er ei stor ære, som også gir rom og tid til å skrive. Det set eg utruleg stor pris på. Det motiverer meg, seier Maria Parr under utdelinga på Gyldendal Norsk Forlag.

Det vil med andre ord kome fleire bøker frå Maria Parr.

Dette er dei tre bøkene ho skrive:

  • Vaffelhjarte
  • Tonje Glimmerdal
  • Keeperen og havet

Alle bøkene er gjeve ut på Samlaget.