Kva delar av landet som vil få størst problem, er vanskeleg å seia, ifølgje professor i meteorologi ved Bjerknessenteret, Asgeir Sorteberg.
– Men det ser ut til at Vestlandet kan rammast hardt viss ein ser på forandring i nedbørsflaum og ras, seier Sorteberg, og viser til scenario utvikla av Norsk Klimaservicesenter.
Han ventar fleire nedbørsrekordar framover.
– Med eit varmare klima blir det meir tilgjengeleg fukt i lufta og sannsynet for ekstrem nedbør vil auka.
(Les meir etter illustrasjonen)
Blir påverka av andre land
Samanlikna med andre land vil endringane i Noreg vera ganske store i form av temperatur og nedbørsendringar.
– Men effektane av endringane er relativt små i tilhøve til andre land. Som eit rikt og velorganisert land er me godt rusta mot forandringane som skjer hos oss, seier Asgeir Sorteberg.
Men verda utanfor oss vil også påverka oss.
– Klimaflyktningar og mindre etterspurnad etter viktige norske eksportvarer som olje og gass vil påverka oss.
- LES OGSÅ: Redde for rasfare på skulevegen