Redde for rasfare på skulevegen

– Av og til tenkjer eg: Er det verdt å reise til skulen når det er ekstra stor risiko? seier Benedikte Seim (16) frå Kinsarvik.

Benedikte Seim frå Kinsarvik pendlar til skulen i Odda kvar dag. Skulevegen er utsett for ras i periodar med mykje nedbør.

– Eg prøver å ikkje tenkje så mykje på det. Men eg har det i bakhovudet, er det verdt det å reise til skulen når det er ekstra stor risiko? undrar Seim i blant.

Bussen måtte snu

Eine dagen ho skulle reise heim for ei tid sidan var ikkje så kjekk. Då måtte bussen snu fordi det ikkje var trygt å halde fram på vegen grunna rasfare.

Det var ikkje trygt å køyra der så bussen måtte snu.

– Det var ganske mange på bussen og det vart ulike reaksjonar. Nokon vart veldig lei seg. Eg tenkte, søren korleis skal me gjera det no? fortel ho, og enda med å koma heim først klokka 19 om kvelden.

Kjenner på det same

Elin Sneeggen (15) frå Nå i Hardanger er med i ungdomsrådet i Ullensvang. Sjølv om ho kjem få vestsida av Hardangerfjorden er ho gått kjend med rasfara i deler av Hardanger. Det har òg kome ras på den sida.

– Ja, på hausten og vinteren og andre tider av året, der det er fare for ras – vert ein engsteleg. For ein veit jo aldri om ein kjem seg på skulen, eller om ein kjem seg heim att, seier Sneeggen.