Dette er frå ei pressemelding frå Nasjonalbiblioteket.
Bibliotek over heile landet inviterar forfattarar, forteljarar og lesarar til ein lesefest.
– Høgtlesingsdagen blir fellesstarten for eit heilt år der vi skal boltre oss i litteratur, lesing og leseglede. På høgtlesingsdagen kan du ta med deg ein ven (…) og ta inn litteraturen slik han i tidlegare tider blei overlevert: frå munn til øyre, seier prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Gulbrandsen.
Visste du at?
Bokåret 2019 markerer 500-årsjubileet for dei første norske trykte bøkene. Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense ble trykte høvesvis i København og Paris i 1519. Den første er ei messebok for Noreg, mens den andre er ei handbok i liturgiske seremoniar for prestar. Begge bøkene står på lista over den norske dokumentarven.