Kva er EU?

Noreg er ikkje medlem i EU, men vi samarbeider mykje med dei. Ung.Forskning har snakka med forskar Kristin Haugevik. Ho gir oss ei enkel forklaring på kva EU er.

Det byrja i 1952 med Den europeiske kull- og stålunion. Den gong var det Belgia, Frankrike, Italia, Luxembourg, Nederland, Tyskland og det som den gong hadde namnet Vest-Tyskland, som starta eit samarbeid, skriv Ung.Forskning.no.

Fleire namn

EU er forkorting av “Den Europeiske Union”. Namnet stammar frå 1993. Tidlegare har samarbeidet hatt namna EF og EEC.

Så hang fleire seg på, og i 2002 fekk EU-landa dei same pengane. Pengane fekk namnet Euro.

No er det 28 medlemsland i EU, men folk i Storbritannia har bestemt at dei ikkje vil vera med meir. Men, dei vil halde fram å samarbeide med EU.

Noreg har ein spesiell avtale

Noreg samarbeider også med EU, vi er heller ikkje med. Vi har hatt folkeavstemning to gongar her i landet og begge gongane sa fleire enn halvparten “nei”. Det norske folket stemte i 1972 og i 1994.

(Teksten held fram under bilete)

Euro, FOTO: Pixabay

Men, mykje av det som blir bestemt er likevel med på å påverke politikken i Noreg. Det er fordi vi har EØS-avtalen. Det betyr at det landa i EU blir einige om ofte er med på å bestemme korleis vi har det her i Noreg.

(Kjelde: Ung.forskning.no og snl.no, om EU)