Kva er eigentleg Black Friday?

Du har kanskje høyrt om Black Friday, men kva betyr det eigentleg?

Det er ein årleg handledag som starta i USA, dagen etter Thanksgiving. Thanksgiving er alltid fjerde torsdag i november, så derfor er Black Friday alltid den fjerde fredagen i november.

På Black Friday er det ofte gode tilbod på varer, som mange vert freista av.

I Noreg kom begrepet i bruk i 2010. Då starta diverse varehus å herme etter den amerikanske tradisjonen, og etter det har dei fleste handelshus vorte med.

Nokre butikkar har lange køar før dørene opnast. Og nokre stadar går folk heilt amok.

Mange boikottar denne dagen, fordi dei ikkje støttar kjøpehysteriet og fordi det ikkje er miljøvenleg.

Kva synest du om Black Friday?

Kva synest du om Black Friday?

Digger det!185
HATAR det!24
Bryr meg ikkje...20
Eg skal shoppe!13
Skal boikotte!12
Svar totalt: 254