Herborg Kråkevik er redaktør for Barnas Juleroser. Det vil seie at det er ho som er ansvarleg for det som står i bladet. Med seg har ho fått mange forfattarar og illustratørar. Mellom anna Maria Parr, Bobbie Peers, Andreas Wahl, Lisa Aisato og Audhild Solberg.
Herborg Kråkevik er ein kjend artist. Ho har vore med i filmar, teater og gitt ut fleire plater. Ho blei til og med Årets spellemann i 2000.
Herborg Kråkevik har eit motto, og det er: Kunst og litteratur til folket.
Barnas Juleroser er eit resultat av “vaksenversjonen” Juleroser.
Barnas juleroser var eit julehefte som kom ut på dansk, mellom 1884 og 1930. Då heitte heftet Børnenes juleroser. I mange år var det også ei norsk utgåve, nemleg mellom 1910 til 1925.