Naboen min syng på nynorsk og romvesensk

– Det er kjekt å merke at songar begynner å leve sitt eige liv i hus, skular og barnehagar, seier Vegard Markhus. 

Låtar å sjekke ut:

Rockesock – frisk 60-tallsrock om å ikkje sitje stille –barnekor på slutten

Male himlen blå – populær song om å trøste andre – barnesolist og barnekor mot slutten

Skru musikken opp – rockelåt om å ikkje alltid gjere som dei voksne seier

Gyli gyli gong gong – morsom song med deler av teksten på romvesensk – barnekor

LES FAKTALUKK FAKTA

Barnebokforfattar Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt er barndomskompisar og tidlegare naboar. No er dei ute med si første barneplate; «Rockesock».

– Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le, fortel Vegard Markhus.

Romvesensk

Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og i tekstane kan du finne humor og alvor.

– Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil læra seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen rett stad, humrar Markhus og viser til songen «Gyli Gyli Gong Gong».

Gamle naboar

Då Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt var fem år begynte dei å arrangera eigne sirkusforestillingar i kjellarstova i Norheimsund. Dette utvikla seg seinare til bandet Sirkus Bjøver, som mellom anna står bak julesongen «Eselet sin julesong». Dei seinare åra har fokuset vore på barnemusikk.

– Korleis er det å gi ut plate?

– Det er både kjekt og skummelt. Tilbakemeldingane me har fått når songane blir spelt for ungar, har gjort oss sikre på at det er ein god idé, seier Vegard Markhus til Pirion.