Levande og spennande frå andre verdskrigen

Har du lurt på korleis det var å vera barn eller ung vaksen under andre verdskrigen i Noreg? Då er boka «Alt er lov» midt i blinken for deg!

identicon
torsdag 18. juni 2026

Handlinga går føre seg i Bergensområdet på Vestlandet under krigen. Astrid (18) har flytta til tanta si på Haugland etter at foreldra har valt tyskarane si side og blitt medlemmer i Nasjonal Samling. Broren hennar, Geir (10), blir mobba på skulen av same grunn.

Astrid går inn i det livsfarlege motstandsarbeidet som mange deltok i under krigen. Ho er med på å smugla hemmelege beskjedar inn og ut av Bergen, og får også i oppgåve å sjarmera ein tysk offisær for å få informasjon frå han.

Ein annan som er involvert i motstandsarbeid er Arne (14). Faren ønskjer eigentleg å halda han utanfor det som skjer, men ei natt treng han likevel hjelpa hans. Arne er nemleg ein kløppar til å ro.

Kva skjer når eit fly styrtar på jordet i bygda der Astrid og Arne bur? Korleis går det med Geir når skulen hans på Laksevåg blir bomba?

«Alt er lov» fortel levande frå ei skummel og spanande tid då små og store måtte gjera ein felles innsats for å redda landet vårt.

Bok: Alt er lov
Forfattar: Tor Arve Røssland
Forlag: Vigmostad Bjørke
Utgjevingsår: 2026
Sider: 240
Passar for: 11-16 år

Andre bokmeldingar