Heidi Wittrup Djup er psykologspesialist og har mykje kunnskap om barn, sorg og traumatiske opplevingar.
Ho trur mange kjenner ei sterk tilknyting til kong Harald fordi han har vore ein synleg del av det norske samfunnet gjennom mange år.
– Mange kjenner ei sterk tilknyting til kongen vår fordi han har vore så synleg og nær i gjerninga si gjennom så mange år. Han har ført oss saman i sorg og glede og vore eit naturleg samlingspunkt for folket.
Kongen har snakka om vanskelege hendingar og om menneske som kjenner seg einsame eller utanfor. Han har også vist fram både humoren sin og meir personlege sider av livet sitt.
– Barn i Noreg har vakse opp med han – og omgrepet «heile Noregs bestefar» har fått verdifull gjenklang hos mange.

Mange sørgjer saman
Allereie før dødsbodskapen kom, byrja menneske å samla seg for å visa medkjensle og leggja ned blomar. Når mange menneske kjenner på sorg samtidig, kan vi kalla det kollektiv sorg.
– Det er naturleg for oss å søkja saman i sorg.
Djup forklarar at kong Harald sin død både er ei historisk hending og noko som kan vekkja personlege kjensler og minne hos kvar enkelt.
– Det er godt å snakka saman og bruka denne tida til å tenkja over kva han har betydd, og kor viktig det er å ta vare på verdiane han formidla.
Barn merkar kjenslene til dei vaksne
Når foreldre og andre vaksne er triste, vil barna ofte leggja merke til det. Dei får også med seg det som blir sagt om kongen på skulen, heime og i nyheitene.
– Dersom dei vaksne er leie seg og opprørte, vil barn lura på kvifor og trenga forklaringar – men også få høve til å ta del i samtalar om kongen vår og om liv og død.
Sjølv om det kan vera trist, meiner Djup at vaksne ikkje bør vera redde for å snakka med barn om døden.
– Døden er ein naturleg del av livet, og det er fint og viktig å snakka om han – sjølv om det kan vera trist.
Kan bli redde for å mista nokon
Barn kan reagera på mange forskjellige måtar. Nokre blir triste, medan andre får mange spørsmål om kva som skjer når eit menneske døyr. Dei kan også bli urolege for menneska rundt seg.
– Nokre kan bli redde for at personar dei er glade i, også kan døy, som deira eigne foreldre eller besteforeldre.
Dødsfallet kan også minna barn om nokon dei sjølve har mista tidlegare.
– Dei kan få klump i magen og kjenna uro i kroppen, og dei kan få mange spørsmål om døden og eit større behov for tryggleik og nærleik frå sine næraste.
Alle reaksjonar er lov
Djup understrekar at det ikkje er farleg å vera trist eller redd. Det er heller ikkje noko gale med deg dersom du ikkje kjenner så mykje sorg.
– Det er ikkje feil å føla mykje, sjølv om ein ikkje kjenner kongen personleg, men heller ikkje feil dersom ein ikkje føler og tenkjer så mykje på det.
Barn treng heller ikkje vera triste heile tida. Dei kan leika, le og gjera dei same tinga som dei vanlegvis gjer.
– Det er heilt i orden å le og leika og driva med dei aktivitetane ein vanlegvis held på med, men det er også heilt i orden om ein er nedstemd og treng å vera til stades i den stemninga som pregar oss no.
Snakk med ein vaksen
Dersom du kjenner deg veldig trist eller uroleg, kan det hjelpa å fortelja om tankane dine til ein vaksen du stolar på. Du kan også stilla alle spørsmåla du lurer på.
– Det er godt med ein vaksen som tek reaksjonane til barnet på alvor, som snakkar om liv og død på ein sannferdig og forståeleg måte, og som gir rom for den nærleiken og tryggleiken barnet treng.
Djup meiner me også kan bruka denne tida til å minnast humoren til kong Harald, engasjementet hans for menneske som har det vanskeleg, og verdiane han stod for.
– Kanskje skal me alle bruka denne tida til å minna oss sjølve på at livet må levast her og no – og at me må ta vare på oss sjølve og kvarandre her og no.


















