Dette samarbeidet blir kalla Smarttelefonfri barndom (SFB). Heile 481 skular i Noreg jobbar no med å utsette når barna får smarttelefon så lenge som mogleg, skriv Stavanger Aftenblad.
Det er fleire grunnar til at dei vaksne no går saman for å hindre at barn får smarttelefonar tidleg. Dei meiner mellom anna at det vil føre til mindre utestenging og mobbing på nett og i gruppemeldingsappar.
SFB meiner også at barn ikkje like lett vil støyte på skadelege ting på internett dersom dei får telefon seinare. I tillegg vil det bli meir tid til leik, aktivitet og å vere saman med venner i den verkelege verda.
Arbeidet mot at barn skal ha smarttelefonar skjer på skular der det til saman går 231 000 elevar. No ser samarbeidet også ut til å spreie seg til idrettslag og andre fritidsaktivitetar.



















