Kardinalane i den katolske kyrkja har no reist til Roma for å velja ein ny pave. Dei møtest i eit rom som heiter Det sixtinske kapellet. Der er dei låste inne heilt til dei har bestemt seg. Dei får ikkje bruka mobil eller internett, skriv Forskning.no.
Når dei er samde, kjem kvit røyk ut av pipa – då veit folk at det er valt ein ny pave.
Det lengste pavevalet i verda
Det lengste pavevalet skjedde for over 750 år sidan. Då pave Klemens 4. døydde i 1268, samla kardinalane seg i byen Viterbo i Italia. Då brukte dei nesten tre år på å bli samde som kven som skulle bli ny pave! Dei krangla og klarte ikkje bestemma seg. Til slutt fekk dei berre brød og vatn, og etter kvart blei også taket på bygningen fjerna så det vart kaldt og vått.
Til slutt valde dei ein mann som ikkje ein gong var prest eller kardinal. Teobaldo Visconti, som tok namnet Gregor X, blei valt. Ein av dei første tinga han gjorde, var å endra på valordninga slik at neste pave skulle bli valt raskare.
Det kortaste pavevalet i verda
Det raskaste pavevalet tok berre éin time! Det skjedde for over 500 år sidan i oktober 1503. Det tok kardinalane superkort tid å velja Julius 2. Dei var nesten heilt samde med ein gong.
Julius 2 vart kalla «krigarpaven» fordi han allierte seg med europeiske fyrstar for å få bukt med rivalar og få meir makt. Under styret hans deltok Pavestaten i fleire krigar og konfliktar.