Henriette tok VM-bronse i innadørs 400-meter 22. mars i år. Om mindre enn to veker skal ho delta i stafett-VM i Guangzhou i Kina.
Men på måndag, 6. mai, blir TINEstafetten arrangert for 33. gong. Stafetten starta i 1993, og har vore arrangert kvart år sidan.
I år deltar over 100 000 elevar i heile landet. Og Henriette har råd å gje.
Nervøsitet er bra
– Deltok du i TINEstafetten då du gjekk på skule?
– Nei, eg kjem frå ein veldig liten stad, og vi hadde ikkje nok folk til å lage lag. Eg skulle gjerne vore med sjølv, for det er mange eg kjenner som fekk prøvd seg på det på skulen, seier Henriette på FaceTime frå Kina.
Henriette spring ein del 200 og 400 meter distansar. I TINEstafetten skal kvar enkelt deltakar springe 200 meter. Ho veit at dei som løper, kan vere nervøse.
– Kjenn på den nervøsiteten. Det er bra, for den vil skjerpe deg og gjere deg betre. Det treng ikkje vere skummelt, seier ho.
Øv på veksling
Sjølv førebur Henriette seg til stafett på ulike måtar.
– Eg pleier å løpe 300-meters intervallar når eg skal løpe 200. Då blir det lettare å stå i dei 200 meterane.
Ein viktig del av stafetten, er å overrekke stafettpinnen til neste sprintar. Om ein gjer dette på feil måte, kan laget bli diskvalifisert.
– Eg håpar ikkje dei diskvalifiserer i TINEstafetten, men å øve på vekslinga er veldig viktig, seier Henriette.
Ho poengterer at det er lurt at den som skal ta over stafettpinnen løper i same fart som den som overrekker.
– Men då er det viktig å halde seg inne i vekslingsfeltet! Eg anbefalar å øve på det, seier Henriette.

«Dette klarer du»
At ein skal ha det gøy medan ein spring, er noko som ofte blir sagt i sportslege arrangement. Henriette meiner det er heilt rett, og er eitt av råda hennar.
– Så er det det å ha det gøy, seier ho. – Det å bevare gleda i å løpe.
Sjølv tykkjer ho at heiinga hjelper ho å prestere.
– Det gjev litt ekstra adrenalin når folk heiar deg fram. At ein blir sett, gjer òg at du vil prestere bra. I tillegg er det veldig fint med eit klapp på skuldra frå lagkameratar eller trenar, så dei viser at dei er der for deg, og seier at «dette klarer du», seier Henriette.
Oppmuntrande ord er fint å få, uansett korleis det endar opp med å gå.
– Det er greitt å hugse på at det ikkje er verdas viktigaste ting, og at om ein snublar eller failer, så går det bra, seier Henriette.