Queen Petrine testar berekrafta

Queen Petrine er ein serie skrive for Framtida Junior av Tonje Noréa Gauden og illustrert av Karina Junker Larsen. Dette er del 3.

– Sorry, Ågot! ropar eg og snublar mot pulten. Eg myser mot tavla gjennom pyntebrillene. «Prosjekt: Berekraft» står det.

– Spart straum på vekkarklokka? spør Simon. – Hey! Godt forslag frå Queen Petrine, Ågot?

– Du vil starta Prosjektet ved å koma for seint! seier Ågot.

– De kan finna eigne måtar, seier eg. – Treng ikkje få min idé gratis, heller.

– Ei gløgg jente som deg, skjønar sikkert…

– Nei, no går du for langt! ropar eg. Ågot hoppar.

– Kalla meg gløgg ein gong til, og eg går rett til rektor, seier eg strengt.

Eg ser for meg gløggen frå jul, med ekle rosinklumpar i, og fnyser så ein buse sprett ut på pulten. Eg stappar den fort i munnen.

– Spytt ut! seier Ågot. – Berekraft. Kva tenker de?

– Gruppearbeid? spør Simon.

– Greitt, prustar Ågot. – Finn måtar å spara straum på, slik at verda kan bera neste generasjon. Ho viser musklane ho ikkje har i armane. – Tenk mindre dusjing, lading, lys…

– Aiai, kæpt´n, seier eg og helsar til brillene.

Illustrasjon: Karina Junker Larsen

– Kva trur de Ågot gjer sjølv for berekrafta? seier eg og snurrar paraplyen på veg heim.

– Ho burde bruka hundane, seier Abdi. – Sett dei i eit giga hamsterhjul, så kan dei laga masse straum.

– Det kan me fiksa! seier eg. – Kom, me går til Ågot!

– Beista er jo rabiate, seier Simon.

– Nettopp! seier eg. – Rein, robiat energi.

– Hamsteren min laga straum, seier Abdi. – Mamma kopla ein dynamo til hamsterhjulet, og eg fekk lys på rommet. Når hamsteren sprang.

– Spring ikkje dei mest om natta? spør Simon.

– Frå klokka eleve. Eg sleit litt med det, seier Abdi.

– Ågot søv aldri uansett, seier eg. – Ho rettar prøvar og ser hunde-tv.

– Me må ha noko stort som snurrar, seier Abdi.

– Spør du faren din? Han er vel berre heime no? spør Simon på trappa vår. Eg svelgjer og tar sats.

– Dæ-jå, me er heime! seier eg og sleng jakka over hattehylla. Klovneutstyret set nok pris på ein dusj, etter gamalt. Pappa har ikkje rørt det sidan mamma… forsvann, tenker eg. Det er for gale. Eg balanserer på eit crocs-tårn på skohylla og hoppar opp. Elegant grip eg ein kleshengar, glir bortover som på ein proff zip-line og ropar jabba-dabææ før alt rasar.

– Ikkje berekraftig, seier eg. Pappa står over meg med dødsangst i auga.

– Me har Prosjekt Berekraft, forklarar eg.

– Ved å ….riva ting ned? Pappa ryddar hylledelar og klovnehattar. Eg tek alt ut av hendene hans.

– Ting må tola å bera vår generasjon, seier eg. – Slapp av, me tek resten hos Ågot. Har me eit hjul?

Hos Abdi finn me sykkeldynamo, leidningar og ei lyspære.

– Kva skal de, eigentleg, spør mor hans og ser på klovnehattane.

– I alle fall ikkje testa noko på uskuldige skapningar, seier eg.

– Lystløgnar, seier Abdi i det me går.

– Ei gul løgn for ei grøn sak, smiler eg.

Gutane bråbremsar då me høyrer bjeffing og plystring.

– Her, seier eg og set hattane på dei. – Kamuflasje!

Eit klestativ med gamle morgonkåper snurrar i vinden. Eg nikkar mot det.

– Genialt! seier Abdi. Han festar hjulet og dynamoen til stonga, og koplar til lyspæra.

– No må me festa beista til snora og få dei til å springa!

– Fritt for å ikkje henta dei, seier Simon.

I neste sekund sprintar hundane og Ågot rundt hjørna. Eg hiv morgonkåpene mot dei som ein oksetemmar. Hundane galopperer med hovuda inn i kåpelommene.

– Pæra lyser! Ropar Simon. Eit magisk sekund står me og beundrar meisterverket. Så veltar stativet. Hundar, leidningar og kle ligg strødd.

– Ikkje berekraftig det heller, sukkar eg, i det Ågot stikk nasa fram frå rotet.

– Kva er dette for sirkus? gaular ho.

– Du burde ha eit berekraftig klestativ, Ågot! seier eg.

Les alle historiane om Queen Petrine her!