Nepal vil gjera det vanskelegare å klatra Mount Everest

No må fjellklatrarar øva seg meir før dei får prøva å klatra opp det høgaste fjellet i verda.

Mount Everest ligg i landet Nepal og er heile 8849 meter høgt. Mange drøymer om å klatra heilt til toppen, men det er veldig farleg.

Kvart år prøver mellom 700 og 1000 menneske å klatra opp fjellet. Omlag 60 til 70 prosent klarer det. Men det er framleis farleg, og mange treng hjelp av guidar og oksygenflasker for å komma seg opp.

No vil Nepal laga strengare reglar for kven som får prøva seg på det høge fjellet, skriv VG.

Først eit anna fjell

Klatrarar må først ha klart å klatra eit anna fjell i Nepal som er minst 7000 meter høgt, før dei får lov til å prøva Mount Everest. Dette skal gjera fjellklatringa tryggare.

Dette vil dei gjera fordi mange menneske døyr på veg opp. I 2023 døydde tolv personar, og fem vart borte i fjellet. Det har også vorte store køar i fjellet. Ja, faktisk køar heilt oppe i «dødssona». «Dødssona» er eit område over 8000 meter, der det er så lite luft at menneske ikkje kan overleva lenge utan ekstra oksygen.

Kristin Harila støttar forslaget

Den norske fjellklatraren Kristin Harila seier til VG at ho synest reglane er bra. Ho seier det er viktig at folk er godt førebudde og trenar på lågare fjell først.

– Me ser no at det er veldig mange menneske på Everest, og talet aukar kvart år utan at det har vorte teke tilstrekkelege grep for tryggleiken. Dette er eit viktig steg i rett retning, seier Harila til VG via satellitt.