Vann Bokslukarprisen med teikneserie om krigshelt

– Tusen, tusen hjarteleg takk til alle som har stemt. Det er veldig, veldig kult! seier Andreas K. Iversen om å vinna bokslukarprisen med teikneserieboka Max Manus.

– Eg var ikkje førebudd på det her i eit heile teken. Tusen takk til juryklassane som har stemt boka fram som ein superfinalist til å byrja med. Tusen takk til Foreningen !les som valde ut boka til å bli med i antologien. Tusen takk til Foreningen !les som jobbar så for leseglede – tusen takk til alle som jobbar med bøker og leseglede, seier ein tydeleg takksam og glad Andreas Iversen.

Anderas Iversen fekk i dag Bokslukarprisen framfor ein fullsett sal med unge lesarar på Sentralen i Oslo, årets utdeling markerer 10 år med Bokslukarprisen.

Action, drama og spenning

To representantar frå juryklassane las opp grunngivinga for kvifor Max Manus vart vinnaren i jubileumsåret 2025. Dette er det dei sa:

– Dette er ei bra bok, éi av dei beste av alle bøkene, me koste oss då me las ho og spenningskurva er godt fordelt. Fleire av oss har lese boka mange gonger! Me elskar boka, og ville ikkje at ho skulle ta slutt då me las.

Boka byr på mykje action, drama og spenning rundt kvar sving. Den bruker humor saman med alvorlege ting, noko som gjer ho både gøy og lærerik. Boka har mange detaljar, og det er lett å leva seg inn i den.

Frå framsida av boka.

Ekte historie frå krigen

Forteljinga var spennande gjennom heile boka, og me likte at forfattaren ikkje overdreiv det som skjedde. Me synest boka har ein god hovudperson, som me heiar på. Å lesa boka var som å dra på ein reise tilbake i tid, samstundes som om det kunne opplevast som om det skjedde akkurat her og no.

Det er kult at boka er basert på ein ekte historie. Det gjer at me har lært mykje om andre verdskrigen. Det var utruleg gøy å læra om andre verdskrigen gjennom ein teikneserie. Illustrasjonane i boka var veldig bra, og det vart ein kreativ måte å læra oss historie på. Forfattaren har klart meisterleg å fengde leselysta til barn som ynskjer å læra meir om motstandskampen i 2. verdskrig.

Superfinalistar

Resten av superfinalistane var Villdyr av Håkon Marcus (Aschehoug), Gutta krut og gledesdreparen av Alexander Istad og Espen Meling Sele (Cappelen Damm), Ulv Ulv av Elin Viktoria Unstad (Vigmostad & Bjørke) og Jakob på Vippepunktet av Nina Borge (Gyldendal).

– Alle superfinalistane er lesne grundig av juryklassane og godt likte av mange elevar. Det kjem tydeleg fram i meldingane og vurderingane av bøkene. Dette er dei beste av mellomtrinnbøker gitt ut i 2023/2024, men til slutt må det stå igjen ei vinnarbok. Me gratulerer forfattar Andreas Iversen med Bokslukarprisen 2025 for Max Manus, seier prosjektansvarleg for Bokslukarprisen i Foreningen !les, Christian Goveia Jacobsen.

Juryklassane var:
7. trinn Klevstand skule, Telemark
7a Skarpengland skule, Agder
6b Vestli skule, Oslo
6. klasse Valle skula, Agder
5a Nylund skule, Rogaland
6. trinn Sagvåg skule, Vestland
6. trinn Midtbygda og Harpefoss skule, Innlandet
5a Selnes skule, Troms
7.4 Elvetonga skule, Akershus