Oslo
- Noregs hovudstad og største by
- Oslo utgjer også ei kommune og eit fylke
- Innbyggjartal: 717 710
- Landareal: 426 kvadratkilometer
- Innbyggjarnamn: Osloenser
Kjelde: Store norske leksikon
Kva er det beste med å bu i Oslo?
Emilia: – Det må vere at alt er så nære. Hundre meter frå blokka mi er det ein klatrepark og hundre meter i andre retninga er det skog og natur. I tillegg er det ein butikk i første etasje i blokka der eg bur, og over vegen er det ein annan butikk.
Nikolas: – Det beste med å bu Oslo er at det er eit godt miljø og ikkje særleg mykje mobbing her. Eg har mange fine vennar på skulen.

Kva er favorittplassen din i Oslo?
Emilia: – Det er kanskje Lambertseter. Der er det mange stader eg føler meg komfortabel. Til dømes eit stort og fint bibliotek. Det er også eit kjøpesenter der, der det er fint å henge med vennar.
Nikolas: – Favorittplassen min i Oslo må vere hytta mi. Familien min har ei sommarhytte ved sjøen. I sommarferien er vi ofte der saman med fetrane og kusinene mine. Då badar vi og kosar oss.

Kva burde barn og unge som er på besøk i Oslo finne på?
Emilia: – Dei kan dra på Munch-museet. Eg er veldig glad i måleria til Munch. Han måla alltid med kjensler. Eg liker veldig godt at ein kan sjå det i bilda hans som heng der. Aker Brygge er også ein fin stad ein kan besøke. Det er veldig fint når det er sol der.
Nikolas: – Om nokon besøkjer Oslo kan få seg mange nye vennar, sidan det er så mange fine folk her. Ein kan for eksempel møte mange hyggelege menneske rundt om på fotballbaner.

Vil du bu i Oslo heile livet?
Emilia: – Enn så lenge vil eg bu her. Eg veit så godt kva som er her og eg er glad i vere stader der eg føler meg trygg. Om eg skulle flytta ut av byen ville eg flytta nordover. Der er det godt og roleg, men litt kaldt. Kanskje eg flyttar dit når eg er 50–60 år og begynner å få vondt i føtene.
Nikolas: – Eg trur eg vil bu i Oslo heile livet, fordi eg tykkjer det er ein veldig fin by med mange fine menneske.

Er det noko som burde vore annleis med Oslo?
Emilia: – At vi tek betre vare på naturen. Nokre stader kan ein sjå at dei byggjer nye hus der det eigentleg var fin natur.
Nikolas: – Sjølv om det er lite mobbing i Oslo, er det framleis noko og det tykkjer eg det bør bli slutt på. Det beste hadde vore om det ikkje hadde vore noko mobbing her i det heile.
