Pengane skal særleg brukast til å støtta kvinner og skeive sine rettar. Noreg gir ekstra mykje pengar fordi andre land, som USA, har kutta mykje i hjelpa dei gir.
– Svært mange lokale organisasjonar vil truleg ikkje overleva dei enorme bistandskutta me no er vitne til, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap).
USA har vore den største bidragsytaren til humanitært arbeid i fleire år.
President Donald Trump si avgjerd om å kutta kraftig i USAs bistand kan komma til å krevja millionar av liv, åtvarar WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Kva er bistand?
Bistand betyr at rike land hjelper fattige land. Det kan vera pengar, mat, vatn, skular eller hjelp frå flinke folk som kan byggja sjukehus eller brønnar.
Kva er utviklingsland?
Utviklingsland er land som ikkje har så mykje pengar eller ting som mange andre land har. Til dømes kan det vera færre skular, dårlegare vegar eller mange som ikkje får god nok mat eller helsehjelp.