Hei, eg heiter Heidi, og er 11 år. Eg kommer frå Søvik i Sunnmøre. Eg håper at alle vil ta vare på naturen vår, sånn at naturen vil halde seg betre no og i framtida. Slik naturen er nå, så er naturen fin, men den begynner å komme i fare. Fortsett vi sånn, vil naturen vår i 2050 vere dårlegare og mindre.
Bedriftene rundt her gjer ting for miljøet, men dei kan bli flinkare. Mykje søppel og olje og kjemikaliar kjem ut i naturen og sjøen vår, og dette er ikkje bra. Viss dei blir flinkare å plukke opp søppelet og forhindre at søppelet blir blåst ut i sjøen, vil det bli mindre forureina. Fiskebåtane må ikkje overfiske, slik at det blir for lite fisk.
Eg er redd for at i 2050 vil sjøen vere mer forureina, mindre skog i området, mindre fisk, fleire dyreartar har blitt utrydda og at lufta vår ikkje er så rein. Med mindre vi ikkje gjer noko med det NO!
Mi oppmoding er at alle må bli flinkare til å rydde opp etter seg, plukke opp søppel, kast det i bosset, kjeldesortér, gjenvinning er viktig. Til dei som tar eit tre, plant to nye. Hjelp dyra, lag fuglekassar, sett ut litt mat i skogen når det er vinter. For at lufta vår skal bli reinare så treng vi fleire elbilar, mindre eksos-utslepp.
Driv du med dykking, prøv å samle med deg ein pose med søppel kvar gong du dykkar. Det vil bli bra om alle gjer noko!
Vi alle har eit ansvar for at naturen vår og klimaet skal bli bra, både barn og vaksen, sjefen på bedriftene og politikarane.
Lesarbrevet er éin av vinnarane av skrivekonkurransen om håp for framtida. Konkurransen blei arrangert av Framtida junior, Klimafestivalen Junior og Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les!