Pandatvillingane Leni og Lotti på sitt første eventyr ute

Torsdag i førre veke var ein stor dag for pandatvillingane Leni og Lotti i Berlin Zoo. For aller første gong fekk dei utforska verda utanfor innhegninga si.

Dei små pandaene var veldig nysgjerrige og snusa rundt i Panda Garden. Dei leika, klatra og hadde det gøy medan dei oppdaga nye lukter og lyder, skriv VG.

TITT-TEI: Kjempepandaungane likar seg ute på sitt fyrste eventyr. Foto: AP Photo/Ebrahim Noroozi

FAKTA om pandaen:

  • Sjølv om pandaen er eit rovpattedyr, består dietten for det meste av bambus.
  • Pandaen bruker 10–14 timar dagleg på å eta mellom 12 og 38 kilo bambus for å dekkja næringsbehovet.
  • Ville dyr lever i bambusskogar mellom 1.200 og 3.400 meter over havet i seks fjellområde i Kina, fordelt på omtrent 20 bambusskogar.
  • Ein vaksen panda kan bli opptil 1,5 meter lang og vega mellom 100 og 150 kilo, med hannane som er noko større enn hoene.
  • Det fanst i 2019 omtrent 600 pandabjørnar i fangenskap i verda. Målet med avlsprogrammet er å hjelpa arten med å overleva.

Kjelde: Snl.no / WWF