Syver (13) og familien har samla inn over 10 millionar kroner

Syver Blindheim kjempar for meir forskning på barnedemens. No har folk gitt over 10 millionar kroner til Spleis-innsamlinga han og familien har oppretta.

Gjennom TV-serien Team Pølsa har heile Noreg vorte kjende med 13 år gamle Syver. Han har ein sjeldan sjukdom som blir kalla barnedemens. Det betyr at han sakte mistar ferdigheiter han allereie har lært, slik som å sjå, hugsa ting og bevega seg som før.

Syver fekk diagnosen då han var sju år. Sjukdommen gjer at hjernen hans blir svakare over tid, og det finst ingen medisin som kan stoppa det. Men Syver gir ikkje opp! Han vil at fleire skal vita kva barnedemens er, og han håpar forskarar kan finna ei behandling.

Spleis-innsamling

For å hjelpa Syver og andre med barnedemens har familien hans laget ei pengeinnsamling på Spleis. Mange menneske har gitt pengar – faktisk er over 10 millionar kroner er samla inn.

Pengane går til forskarar som prøver å finna ein kur for sjukdommen. Folk over heile Noreg har bidrege, frå barn som sel bollar, til bedrifter som gir store summar.

– Det er utruleg bra! Me er veldig takksame, seier Syver til Dagbladet.