Store protestar mot rasisme i Frankrike

I Paris gjekk over 62.000 menneske ut i gatene for å protestera mot rasisme og ytre høgre. 

– Ytre høgre er på framgang overalt i Europa. Det er skummelt fordi i Frankrike ser me at ytre høgre-tankegang blir stadig vanlegare, til og med blant statsrådar i regjeringa, seier den 74 år gamle pensjonisten Evelyne Dourille til NRK.

Ho deltok i protesten saman med fleire andre tusen i Paris. I hovudstaden vart det fleire samanstøyt mellom demonstrantar og politi. 

Kva er ytre høgre?

Ytre høgre er politikarar og grupper som meiner at landet deira skal ha veldig strenge reglar, spesielt for folk som kjem frå andre land. Dei vil ofte at ting skal vera meir slik dei var før, og nokre gonger liker dei ikkje folka som er annleis enn dei sjølv.

Nokre ytre høgre-parti deltek i val og følgjer lovene, medan andre grupper kan vera meir ekstreme og bruka stygge ord eller til og med vald. Mange menneske protesterer mot ytre høgre fordi dei meiner det kan føra til urettferd og meir rasisme.

Kva er rasisme? 

Rasisme er når nokon behandlar andre urettferdig eller meiner dei er mindre verd på grunn av hudfarge, nasjonalitet, kultur eller religion. Dette kan skje både gjennom haldningar og handlingar som deler menneske inn i grupper der nokon blir rekna som meir verdifulle enn andre. 

Rasisme kan koma til uttrykk både i ekstreme ideologiar og vald, og i meir kvardagslege haldningar og handlingar der folk blir diskriminerte på grunn av den etniske bakgrunnen sin. Felles for dei ulike formene for rasisme er at enkeltpersonar blir reduserte til representantar for ei gruppe. 

I Noreg er rasisme forboden ved lov, og det finst fleire organisasjonar som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering.

(Kjelde: Snl.no)