Endrar stadnamn på Svalbard etter rasismeklagar

Antirasistisk Front sette nyleg fram eit krav om å fjerna tre rasistiske stadnamn på Svalbard. Polarinstituttet har no bestemt at dei 400 år gamle stadnamna skal endrast. 

Norsk polarinstitutt har no bestemt at namna Negerpynten, Negerfjellet og Negerdalen ikkje lenger skal brukast.

– Det er ein full siger at Polarinstituttet endrar dei rasistiske stadnamna, skriv Antirasistisk Front på si Facebook-side.

Nye namn i mai

– Namnekomiteen vår har jobba godt. Eit notat frå dei vart behandla i går, og komiteen har fått i oppdrag å laga eit forslag til nye namn i mai, seier kommunikasjonsdirektør Pål Jakobsen i Norsk polarinstitutt i ein e-post til Utrop.

Det er ikkje bestemt kva dei nye namna blir, men dei skal ikkje lenger innehalda n-ordet.