Dei sameinte nasjonane (FN) har fleire berekraftsmål du kanskje har høyrt mykje om. Men har du tenkt på kvifor dei har desse måla? Det står på heimesida deira, og svaret er enkelt – for å skape ei betre verd.
Alltid topp 10
Meininga med den internasjonale lykkedagen er å understreke at alle menneske skal få vere lykkelege. På denne dagen kjem ein rapport som seier kva land i verda som er lykkelegast.
- Noreg ligg på ein 7. plass over lykkelegaste land
- Saman med Noreg har Finland, Danmark og Island alltid vore på topp 10-lista
- Finland ligg på 1. plass for åttande år på rad
- Afghanistan er landet som er minst lykkelege, og er på 147. plass på lista

1000 menneske per land i verda
Lykkeforskar Ragnhild Bang Nes seier at lykke kan bety fleire ting, mellom anna:
- ei plutseleg kjensle av glede og begeistring
- ei kjensle som ein føler på i lang tid, av at ein har det godt i livet sitt
Ragnhild fortel at verdas lykkerapport hentar inn informasjon frå nesten alle land i verda. I kvart land, ber dei 1000 menneske om å sjå for seg dette:
- ein stige står framfor deg. Stigen har 10 trinn. Trinn 0 er det verste livet du kan tenke deg. Trinn 10 er det beste livet du kan tenke deg. Kva trinn står du på i livet ditt no?
Ragnhild er glad for at vi har ein dag som den internasjonale lykkedagen.
– Det er veldig fint at vi har ein dag som set fokus på å ha eit godt liv, seier ho.
Det som vinn til slutt
Ragnhild seier at det kanskje er spesielt i år at mange kan kjenne seg overvelda av det vanskelege som skjer i verda.
– Det er forferdeleg mykje bekymringsfulle nyhende, så det å bli minna på det som er bra, og kva vi bør jobbe mot, det er veldig viktig, seier Ragnhild.
I tillegg drar ho fram kor mykje folk er villige til å hjelpe, når noko er gale.
– Kriser gjer at folk strekker ut ei hand, og støttar og hjelper. Vi ser kor viktig forholda vi har til kvarandre er. Dei forholda gjer at vi står gjennom kriser, at vi kan le når vi sit rundt bordet, og vi toler kvardagen og utfordringar, seier ho.
Ho har mange gode ord om lykke, og ho meiner det er mykje godt samarbeid i verda.
– Det har vore mange krigar opp gjennom historia, men dei har løyst seg. Det er menneskeleg samarbeid som i det lange løp endar opp med å vinne, seier ho.