Blant verstingane i rapporten finn me Saudi Aramco, ExxonMobil og Shell. Hadde Saudi Aramco vore eit eige land, ville det hatt større utslepp enn alle andre, bortsett frå Kina, USA og India, skriv The Guardian.
Ung.Forskning.no har snakka med Bård Lahn som er forskar på olje- og klimapolitikk ved Universitetet i Oslo.
– Me har visst ei stund at nokre få selskap har stått for ein veldig stor del av klimagassutsleppa, seier han.
Han påpeikar at nokre få menneske har tent mykje på klimaforureining.
Lahn meiner det er viktig å forstå kva selskap som står bak dei største utsleppa, for å finna ut kven som må endra seg for at me skal nå klimamåla.
Ein del av problemet
Noreg, som eit oljeproduserande land, er også ein del av problemet, ifølgje Lahn. Det norske oljeselskapet Equinor er på lista over selskap som står for halvparten av utsleppet i verda.
Forskaren peikar på Danmark som eit døme på eit land som har byrja å redusera oljeproduksjonen, og han meiner at det er lettare for dei enn for Noreg. Noreg har ein større oljeindustri og er meir avhengig av han. Men ifølgje Lahn har Noreg betre moglegheiter enn mange andre til å klara seg utan olje.