Høgtida Purim: Jødane feirar den modige dronninga Ester

13. - 14. mars feira jødane Purim. Det er ei jødisk høgtid full av fargar, fest og historie.

Purim er ei jødisk høgtid som feirar ei modig kvinne som heitte Ester. Ho var ei jødisk dronning, og ifølgje historia redda ho jødane frå å bli plyndra og utrydda av den onde Haman.

Haman var persarkongen Xerxes 1 sin minister. Ester ba kongen om å verna det jødiske folket, og det heile enda med at kongen gav jødane løyve til å forsvara seg. Til slutt blei Haman hengd.

Foto: AP Photo/Ohad Zwigenberg

Gledesdag

Reglane for korleis dagen skal feirast finst i traktaten Megilla i Talmud, som fastslår at alle jødar, både barn, kvinner og menn, er forplikta til å høyra opplesnaden av Esters bok på denne gledesdagen. Talmud er den viktigaste skriftsamlinga i jødedommen.

Under høgtida feirar jødane med fleire tradisjonar:

  • Historia om Ester blir lese i synagogen.
  • Dei gir gåver til både familie og dei som treng hjelp.
  • Dei et den tradisjonelle matretten kalla hamentashen. Det er små kjeks som liknar på Haman sin hatt.
  • Mange kler seg ut i kostyme for å feira.
Foto: AP Photo/Ohad Zwigenberg

(Kjelder: Snl.no, Wikipedia)