Sam (10) sette klatrerekord – no siktar han endå høgare

Amerikanske Sam Adventure Evermore har blikket festa på ein legendarisk fjelltopp i Europa.

Då han var 8 år, vart Sam Adventure Evermore den yngste som nokosinne klatra opp den berykta, 900 meter høge fjellveggen «El Capitan» i USA.

Sidan då har Sam berre heldt fram med å trene. Han klatrar over alt: på terrassen til huset, på klatresenter og på Pikes Peak, eit fjell som ligg i nærleiken av huset til familien i Colorado i USA.

– Når det regnar, føretrekker eg å klatre innandørs, fortel Sam på videosamtale med Framtida Junior.

Til Europa

Når han brukar så mykje tid på å trene til nye eventyr, må andre ting vente. Sam fortel at han må gjere ferdig husarbeid og ta 100 pull-ups før han får lov til å spele dataspel. Då får han spele Nintendo Switch i 30 minutt.

All treninga gir resultat. Og no har han sett seg eit nytt mål:

– Eg vil klatre Matterhorn! seier han.

Matterhorn er eit fjell i Alpane mellom Sveits og Italia.

Sam og faren Joe prøvde å klatre Matterhorn allereie i sommar. Dei kom seg nesten heilt opp – men dei vart nøydde til å snu før dei nådde heilt til toppen.

Sam kom nesten til toppen av Matterhorn i sommar. Foto: Privat

Faren Joe fortel at det er viktig å ha respekt for fjellet. Når ein driv med noko som kan vere farleg, er det viktig å sette strenge reglar for å vere trygg. Ein regel dei hadde sett for turen på Matterhorn, var kva klokkeslett dei skulle snu. Når klokkeslettet kom, hadde dei enno ikkje nådd toppen, så dei var nøydde til å begynne nedturen utan å nå målet.

Men Sam gir ikkje opp. Til sommaren vil han prøve på nytt.

Siktar høgt

Sam har tre brør – Sylvan Lightyear, Joey Danger og nyfødde Blaze Wilder. Pappa Joe fortel at han ønsker å lære borna sine sjølvdisiplin, sjølvsikkerheit og mot.

– Å vere modig handlar ikkje om å aldri vere redd, men å komme seg over frykta. Eg byrjar å sjå at Sam utviklar disiplin og sjølvkontroll, fortel han.

Sam og pappa Joe speler dam i fjellveggen El Capitan. Foto: Privat

Joe fortel at han set mål med borna sine kvart år. For Sam er målet i år, som nemnd, å klatre Matterhorn.

Måla må fylle tre krav:

• Det må vere eit mål som gutane kan sjå for seg.

• Det må vere utfordrande og stort nok, slik at ein må jobbe mot målet kvar dag.

• Dei kan ikkje døy. Om ein skal sette seg eit farleg mål – som å klatre El Capitan eller Matterhorn, må ein førebu både hovudet og kroppen sin på utfordringa. Og ein må ha respekt for fjellet.

Broren til Sam, Sylvan Lightyear, klatrar på fjellet «Leaning Tower» («Det skeive tårnet») i nasjonalparken Yosemite i USA. Foto: Privat.

– Ei gåve til gutane mine

Pappa Joe trur gutane har godt av å jobbe for å oppnå desse utfordringane.

– Å stå ved foten av El Capitan tar pusten frå deg. Eg ser for meg at Sam kjem til å møte på utfordringar i livet sitt som vil kjennest like vanskelege. Då vil eg at han skal hugse at han klarte å overkomme El Capitan. Det er gåva eg vil gi gutane mine, seier han.

For andre born som har lyst til å prøve seg på liknande utfordringar, meiner han det er viktig at foreldra er med på laget.

– Eg vil oppmode foreldre til å dra ut og gjere ting i lag med borna sine. Gå på telttur, fjelltur, sett eit mål om å gjere noko kult. Ver inspirerande. Du vil aldri angre på det, seier han.

Kunne du tenke deg å klatre Matterhorn (4478 m.o.h.)?

Kunne du tenke deg å klatre Matterhorn (4478 m.o.h.)?

Ja, det verkar gøy4
Nei, det verkar tungt1
Kanskje4
Nei, men eit anna fjell2
Svar totalt: 11