Skandale i hopp-VM: Noreg diska for å ha manipulert hoppdressar

Under VM i hopp i Granåsen, blei Marius Lindvik og Johann André Forfang diska etter at det vart oppdaga at hoppdressene deira var endra på.

Hoppdressane var forsterka med ekstra materiale for å gjera dei stivare, slik at hopparane skulle få betre flyeigenskapar. Trenar Magnus Brevig og skreddar Adrian Livelten blei filma då dei endra på dressane før rennet. Det er ulovleg å endra på hoppdressar etter dei er godkjende av Det internasjonale skiforbundet FIS.

– Nordmennene har kasta all moral, seier den austerrikske hopplegenda Toni Innauer (66) til Dagbladet.

Trenar Magnus Brevig beklagar hendinga og seier:

– me blei fartsblinde i VM-bobla vår.

Etter rennet vart dressane til Lindvik og Forfang kutta opp, og ekspertar kunne bekrefta at noko ulovleg hadde skjedd. Lindvik blei fråteken VM-sølvet og mistar 266.000 kroner i premiepengar.

Både Marius Lindvik og Johann André Forfang nektar å ha visst noko om jukset.

Trenar Magnus Brevig og skreddar Adrian Livelten er no suspenderte frå jobbane sine. Å vera suspendert frå ein jobb betyr at ein blir mellombels bortvist frå arbeidet sitt. Ein får ikkje lov til å jobba, men ein er framleis tilsett. Det kan skje viss ein har gjort noko gale, og det blir undersøkt.