I dag startar Ramadan

Kva er ramadan? Og korleis blir den kommande månaden feira? I år byrjar Ramadan den 27. februar og varer i 30 dagar.

Ramadan er ein viktig månad for muslimar over heile verda. Det er ei tid for faste, bøner, refleksjon og å vera ekstra snill mot andre.

Kva gjer ein under Ramadan?

Faste: Muslimer fastar frå soloppgang til solnedgang. Det betyr at dei ikkje et eller drikk i desse timane. Fasten handlar om å visa styrke, tålmod og medkjensle for dei som har lite mat.

Gode gjerningar: I Ramadan prøver muslimar å vera ekstra snille, hjelpe andre og unngå å seie stygge ord. Det er ei tid for å bli ein betre person.

Bøner: Under Ramadan ber muslimar ekstra mykje. Dei prøver å knyta nærare kontakt med Gud gjennom bøner og refleksjon.

Bøn er svært viktig under Ramadan. Foto: Javad Parsa / NTB

Tid for fellesskap: Muslimer samlast ofte med familie og vener, både til bøn og til måltid. Fellesskap er veldig viktig i Ramadan.

Kva skjer når sola går ned?

Under ramadan skal ein gi avkall på mat og drikke frå daggry til solnedgang, etter maghrib-bøna. Kveldsmåltidet som blir innteke etter solnedgang, når fasta blir broten, blir kalla iftar. Iftar er ei koselig stund der ein samlast med familie og vener.

Kvifor faste under Ramadan?

Fasten er ein av dei fem søylene i islam, som er dei viktigaste reglane for muslimar. Fasten har fleire viktige funksjonar:

  • Det er ein måte å visa takksemd for det ein har.
  • Det er ein påminning om at livet ikkje berre handlar om mat og drikke.
  • Det hjelper muslimar å utvikla tålmod og styrke.
  • Det gir tid til å hjelpa dei som har lite, og å vera snill mot andre.
Under ramadan skal ein gi avkall på mat og drikke frå daggry til solnedgang. Foto: Javad Parsa / NTB

Kva skjer etter Ramadan?

Når Ramadan er over, feirar muslimar Eid al-Fitr. Det er ein gledens dag der dei takkar Gud for styrken dei har hatt under fasten. På Eid samlast muslimar med familie og vener, gir kvarandre gaver og nyt god mat. Mange gjev pengar til dei som treng det, og det blir gjort mykje veldedig arbeid.

(Kjelder: Store Norske Leksikon, Wikipedia)