Abigael og Thobias vil at born og unge skal lære meir om rus og vald

Abigael Windingland Askerød og Thobias Ek jobbar for at ungdommane i kommunen deira skal få betre liv.

Abigael (17) og Thobias (17) er med i ungdomsrådet i Råde kommune i Østfold.

Eit ungdomsråd er ei gruppe med ungdommar som får diskutere ulike saker, og seie meininga si til politikarane som bestemmer i kommunen.

Abigael er leiar i ungdomsrådet.

– Eg vart med i ungdomsrådet fordi eg hadde saker eg ville kjempe for, sånn at dei som er yngre enn meg skal sleppe å ta dei same kampane, fortel ho.

– Eg ville rette meir fokus på psykisk helse, seier ho.

Veit betre enn dei vaksne

Alle kommunar må ha eit eige ungdomsråd. Askerød og Ek meiner det er viktig at ungdommane får seie meininga si. Dei forklarar at dei vaksne ikkje veit korleis det er å vere unge i dag.

– Vi er den første generasjonen som har vakse opp med sosiale medium. Det har sine gode, men også eigne utfordringar. Det er viktig at ungdom får fortelje korleis vi sjølve har det og opplever verda, og korleis vi meiner ting kan bli betre, seier Thobias.

Dei yngste medlemmene i ungdomsrådet i Råde går i 7. klasse. Abigael og Thobias synest det er bra å ha med ungdommar i alle aldrar, fordi dei har ulike liv.

– Vi går begge i VG2. Vi anar ikkje korleis det er å gå på barneskulen i dag. Det er heilt annleis enn då vi gjekk der, seier Thobias.

Rus og vald

Dei fortel at det har vore mykje problem med skulemiljøet i kommunen, særleg på ungdomsskulen. Det har vore mykje mobbing, vald og rusmidlar.

Ungdomsrådet har jobba for å gi meir informasjon til skuleelevane om kva som skjer om du tek rusmidlar eller om du slåst i skulegarden.

– Vi ser at dei grepa vi har jobba for, har hjelpt. Før var det slåsting på skulen nesten kvar dag. No er det nesten ikkje, seier Thobias.

Idrett for fleire

Ei anna sak ungdomsrådet har jobba for, er at idrettslaget skal satse meir på unge. Dei synest for mykje av pengane går til A-laget til fotballherrane.

– Idretten er ein møteplass for mange. Det kan vere særleg viktig for dei som ikkje har det så bra heime. Alle treng eit fellesskap, og det er viktig at idrettslaget jobbar for alle, seier Thobias.

Større påverknad

Framtida junior møter Abigael og Thobias på Allaktivitetshuset i Råde. Huset er ein møtestad for born og unge i kommunen, og det er også her ungdomsrådet har møta sine.

Thobias Ek vart med i ungdomsrådet etter å ha sete i elevrådet på ungdomsskulen. Elevrådet hadde jobba med den same saka gjennom tre år: Dei ville oppgradere uteområdet med basketballbane. Saka tok lang tid, og Thobias vart utolmodig.

– Eg fekk spørsmål om å bli med i ungdomsrådet, og sa ja. Eg hadde lyst å dytte saka vidare. I ungdomsrådet driv ein jo med politikk. Eg har vore politisk interessert lenge, og då var det fint å kunne gjere noko med den interessa – ikkje berre sitte og klage, seier Thobias.

Arrangerer ungdomsfestival

Ungdomsrådet i Råde arrangerer kvart år ein ungdomsfestival, i samband med Råde parkfestival.

Ungdomsrådet dekorerer teltet og diskuterer kva artistar dei ønsker seg til festivalen. Dei er også med på å planlegge barnefestivalen for eit endå yngre publikum.

Nokre av artistane ungdomsfestivalen har hanka inn er Marstein og Tix.

– Ungdomsfestivalen er gratis. Det er viktig at ingen blir stengde ute på grunn av pengar. Alle skal ha likt høve til å delta, seier Abigael.

Dei to meiner at det er viktig med møteplassar og aktivitetar for lokale ungdommar.

– Dette er ein arena som samlar ungdommen til noko kjekt. Eg møtte sjølv bestekompisen min på ungdomsfestivalen, fortel Thobias.

– Ikkje så vanskeleg

Dei to engasjerte ungdommane vil absolutt råde andre unge til å gjere noko for lokalmiljøet sitt.

– Bli med i ungdomsrådet eller elevrådet på skulen. Då får ein høve til å seie meininga si, seier Abigael.

– Ein kan også engasjere seg som frivillig på eit aktivitetshus, i Røde kors eller frivilligsentralen. Det er alltid noko du kan hjelpe med. Eller så kan du berre snakke med ein kompis, dele idear og kunnskap. Om du vil betre fotballaget ditt, kan du ta det opp med trenaren, og så blir det kanskje gjort noko. Det å gjere ein skilnad er ikkje så vanskeleg. Ofte er det berre å gjere eit grep, seier Thobias.