Av og til ser me skumle nyheiter om krig, naturkatastrofar og andre dramatiske hendingar som kan få oss til å føla oss redde eller urolege. Det er mykje å få med seg, og det kan verka veldig rystande.
Å sjå nyheiter og lesa om det som skjer, kan gjera oss engasjerte og få oss til å ønskje å hjelpa. Men det er viktig å ikkje la desse tankane fylla hovudet ditt heilt. Å kjenna seg trist eller redd er heilt normalt, og å snakka om det kan hjelpa, ifølgje psykologane som jobbar hos Ung.no.
Her er nokre smarte tips frå Ung.no om korleis du kan takla desse tankane:
- Det er normalt å tenkja på det når noko forferdeleg skjer. Prøv likevel å setja av berre litt tid, til dømes 15 minutt per dag, til å tenkja på det. Om tankane kjem opp utanom denne tida så legg du merke til det og seier til deg sjølv: «Det skal eg tenkja på når eg har sett av tid til å tenkja».
- Gjer ting du pleier å lika å gjera og som får deg til å tenkja på vanlege ting.
- Unngå å bruka mykje tid på nyheiter om dramatiske hendingar.
- Viss du drøymer mykje og få uroleg søvn, kan det vera lurt å prata litt om det du opplever og drøymer om på dagtid. Det er lurt å gjera noko som roar deg ned og får deg til å tenkja på andre ting før du søv.
- Mange ser på TV-seriar, filmar eller les om katastrofar. Dette kan forsterka redselen du får av verkelege katastrofar i nyheitene. Blir du meir skremde av å sjå katastrofefilmar, kan det vera lurt å la det vera.
- Snakk med nokon om det du tenkjer på. Viss du får sett ord på tankane dine, kan det gjera deg mindre uroleg. Å skriva dei ned kan vera ein god ide, men då må du skriva om dei inste tankane og kjenslene du får, ikkje berre om det du har sett på tv.
- For mange hjelper det å finna meir konkret informasjon om katastrofen. Til dømes om korleis ein tsunami eller ein sjukdomsepidemi kan skje. Søk informasjon for å forstå – då blir etter kvart dempa tankeaktiviteten. Når du har funne ein del nyttig informasjon, så prøv å avslutta innhentinga av informasjon, og prøv å få fokuset over på andre ting.
Er du uroleg fordi nokon du kjenner nokon som har opplevd noko fælt?
Dersom du har venner eller familie som er på stader der det skjer forferdelege ting, kan du få meir uro i kroppen. Då er det viktig å snakka med nokon om det. Å dele tankar med lærar, ven eller ein vaksen kan vere bra for å få ut kjenslene.