Fleire løver har begynt å klatre i tre

Løver klatrar sjeldan opp i tre, men no har nokre løver i Tanzania begynt å gjere det. Forskar har fleire teoriar om kva som er årsaka.

Løver er flokkdyr, og beskyttar kvarandre og maten dei har fanga. Difor går dei vanlegvis rundt i flokk på bakken.

No har rett nok ei gruppe løver i nasjonalparken Serengati i Tanzania begynt å klatre opp i tre, skriv ung.forskning.no.

Thomas Pavey forskar på korleis klimaendringar påverkar dyr. Han trur det kan vere to grunnar til klatrelysta til løvene:

1For varmt på bakken

Løver klatrar i større grad i tre under varmare og tørrare årstider. Når det er kaldare, klatrar dei ikkje.

Når løvene kjem opp i trea, kan dei få meir avkjølande vind og finne skugge. I tillegg er det færre innpåslitne insekt oppe i høgda.

2Vil halde andre på avstand

Trea kan vere ein god gøymestad. Løver ønskjer ikkje nødvendigvis berre å beskytte seg mot farlege ting, men kan også ha behov for å få avstand frå familiemedlemmar.

Nokre gonger kan løvemødrene bli lei høglydte, plagsame og rampete ungar.