Solenergi overgår kol i Europa

Dei siste åra har solenergi vorte ein viktig del av straumproduksjonen i Europa. Dette skjer medan bruken av fossile brensel, som kol og gass, går ned.

I 2024 vart solenergi den største kjelda til straum i Europa. Solenergien gjekk forbi kolkrafta for første gong, skriv Verdens Beste Nyheter. Dette er bra for både klimaet og helsa, fordi solenergi er fornybar og reinare enn fossile brensel.

Sparar store pengar

Sidan EU vedtok sin grøne vekststrategi i 2019, har bygging av solcellepanel og vindmøller auka raskt. Dette har ført til at utsleppa av klimagassar er gått ned med ni prosent på eitt år, og straumen frå fossile brensel er på sitt lågaste nivå på over 40 år.

Mange europeiske land har brukt mindre olje og gass, og dermed spart store pengar.

Meir solenergi

Solenergi veks no raskt i fleire europeiske land. I Polen har bruken av solenergi auka frå null til ni prosent på fem år. Også land som Litauen, Bulgaria og Ungarn ser stor vekst. I Ungarn kjem no ein fjerdedel av straumen frå solenergi.

Kolbruken går ned i dei fleste landa, noko som er bra for klimaet og helsa. Kol er det mest klimaskadelige brenselet, og forureining frå kol er farleg for lufta og helsa vår. Når me brukar mindre fossile brensel, blir lufta reinare, og helsa vår betre.

GIF: Giphy.com