Nordmenn har kjøpt minst 16 millionar varer frå den kinesiske nettbutikken Temu, skriv NRK. No vil regjeringa sjå nærare på desse varene.
Miljødirektoratet har undersøkt varer frå Temu og funne farlege stoff i fleire av dei.
Difor ber regjeringa no om at fleire varer blir sjekka. Dei vil ikkje at folk skal kjøpa ting som kan vera skumle for helsa eller miljøet.
– Det skal vera trygt å handla i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til NRK.