Årets Gullbarbie til Gutta Sprut AS

Gutta Sprut AS, som er eit produksjonsselskap for kjende influensarar som Oskar Westerlin, Henrik Viken, Sebastian «Baris» Breivik og Snorre Klanderud, har vunne prisen Gullbarbie for 2025.

Prisen vert delt ut av ungdomsorganisasjonen Press, som er ein del av Redd Barna. Kvart år stemmer barn og unge over heile landet fram kandidatar som dei meiner fortener å få prisen.

Gullbarbie-prisen går til den reklame- eller medieaktøren som i størst grad får ungdom til å føle seg verst.

Dårleg psykisk helse

På nettsida si skriv Press dette om bakgrunnen for prisen dei deler ut:

«Kvar einaste dag blir barn og unge proppa fulle med reklame. Same kvar me er eller kva me gjer, blir me utsette ufrivillig for store mengder innhald frå aktørar som ønskjer å tena pengar på oss. Samtidig slit stadig fleire barn og unge med dårleg psykisk helse. Det veit me at heng tett saman med at unge blir eksponerte for innhald som får oss til å kjenna oss dårlege. Det er me dritlei. Press deler derfor ut Gullbarbie-prisen til den aktøren som er best på å få unge til å kjenna seg verst.»

Organisasjonen meiner at Gutta Sprut AS sitt innhald ikkje er bra for unge. Produksjonsselskapet har fleire gonger fått kritikk og skuldingar om haldningar om homofile, kvinner og forholdet til pengar og alkohol.

Svarar på kritikken

På Instagram svarer Gutta. Dei skriv:

– Me er usamd i kritikken frå Press, sjølv om enkelte episodar har vore omdiskuterte. I løpet av fjoråret publiserte me rundt 50 videoar, og 2–3 av desse har vorte kritiserte. Me meiner det er viktig å skilja mellom enkeltklipp og heilskapen i innhaldet vårt. Gutta er ein underhaldningskanal for unge vaksne, der humor og sjølvironi står i sentrum. Dei som har delteke i innspelingane våre, uansett bakgrunn, har hatt ei positiv oppleving, og me opplever at innhaldet vårt samlar folk framfor å ekskludera.