I tre år på rad har det blitt færre barn som lever i familiar med låg inntekt over tid. Den nye undersøkinga frå Statistisk Sentralbyrå viser at talet på barn som lever i familiar med låg inntekt har gått ned med over 19 000 barn sidan 2018.
Sist det var så få barn i denne situasjonen var i 2014.
Det er 96 200 barn som lever i ein familie med låg inntekt. Undersøkinga vart gjort i perioden 2021-2023. Det utgjer 9,9 prosent av norske barn.
Sjølv om fleire norske barn har fått det betre, er det framleis mange familiar som ikkje har nok pengar til det dei treng i kvardagen.