Verdas høgaste fjell: Difor blir det kalla «Dødssona»

14 fjell i verda kan ta livet av deg om du når toppen.

Dette er alle 8000-metertoppane:

Mount Everest (8849 m)

K2 (8611 m)

Kanchenjunga (8586)

Lhotse (8511)

Makalu (8463)

Cho Oyu (8201)

Dhaulagiri (8167)

Manaslu (8163)

Nanga Parbat (8125)

Annapurna (8091)

Gasherbrum I (8068)

Broad Peak (8047)

Gasherbrum II (8035)

Shishapangma (8027)

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Du har gjerne lært på skulen at Mount Everest er verdas høgaste fjell, på 8849 meter over havet.

Everest ligg i fjellkjeda Himalaya, som ligg mellom India og Kina. Litt lengre vest, på grensa mellom Pakistan og Kina, ligg fjellkjeda Karakoram. Her finn vi verdas nest høgaste fjell, K2.

I desse to fjellkjedene – Himalaya og Karakoram – ligg alle dei 14 fjelltoppane i verda som er høgare enn 8000 meter.

Dødstynn luft

8000 er eit litt spesielt tal i denne samanhengen. Jo høgare over havet vi kjem, desto mindre oksygen er det i lufta. Når vi passerer 8000 meter, er det så lite oksygen at menneskekroppen ikkje kan overleve der.

Klatrar du høgare enn dette, byrjar kroppen rett og slett å døy, sakte, men sikkert. Då gjeld det å komme seg ned i lågare land fortast mogleg.

Difor vert den øvste delen av fjelltoppane som stig høgare enn 8000 meter, kalla «dødssona».

Mange fjellklatrarar brukar oksygentankar når dei skal til toppen av desse fjella, for å gjere stiginga lettare og tryggare.

Mange fjellklatrarar brukar oksygen når dei skal bestige dei høgaste fjella i verda. Sanjay Kodain Mountaineer, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Utan ekstra oksygen er det stor fare for å få hjerneblødingar eller oppsamling av væske i lungene. Ein kan også få hallusinasjonar. I tillegg til at det er farleg for kroppen, vert det også meir sannsynleg at ein kan hamne i ulukker fordi ein sluttar å tenke klårt.

Norsk verdsrekord

Trass i farane ved fjellklatring er det mange kvart år som begir seg ut på dei høgaste og tøffaste fjella i verda.

Den norske fjellklatraren Kristin Harila har ein verdsrekord. Ho er den personen i verda som har klatra til topps på alle 8000-metertoppane på kortast tid. Det gjorde ho på 92 dagar.

Andre kjende norske fjellklatrarar som har vore på toppen av verda er Frank Løke og Cecilie Skog.