Sverige vurderer å senka den kriminelle lågalderen

Den svenske regjeringa vurderer no å la barn heilt ned i 14-årsalderen bli straffa for alvorlege lovbrot.

I dag er den kriminelle lågalderen i Sverige 15 år, men regjeringa skal no vurdera om dei skal senka alderen for grov kriminalitet. Kriminell lågalder er den alderen du må ha nådd for å kunna bli straffa av politiet og rettssystemet.

SVT melder at forslaget kjem etter fleire tilfelle av alvorlege lovbrot med unge involvert.

Same reglar i Noreg

Også i Norge er den kriminelle lågalderen 15 år. Det betyr at viss du er under 15 år og gjer noko ulovleg, blir du ikkje straffa på same måte som vaksne. Dersom barn under 15 år gjer noko ulovleg, kan barnevernet bli kontakta for å hjelpa deg eller for å passa på at du ikkje gjer noko farleg igjen.

LES OGSÅ: Alma (15) og Sigrun (16) vil senke den kriminelle lågalderen

For barn under 18 år er det veldig strenge reglar for fengselstraff. Barn skal nesten aldri i fengsel, og viss dei blir dømt, kan dei ikkje få strengare straff enn 15 år.

(Kjelde: Snl.no)