Ekstremvêr, ekstrem varme, ekstreme flaumar, sånn kunne eg ha fortsett ei god stund. Det har skjedd mykje ekstremt i 2024, og mykje av det skuldast klimaendringane. No er det ogso klart at 2024 vart året vi oversteig 1,5 gradersmålet.
Tidenes varmaste år er nettopp passert. Målet alle landa har vore med på å sette seg er ikkje nådd. Eg snakkar om 1,5 gradersmålet. Vi skulle avgrense oppvarminga til 1,5 grader i forhold til sånn det var før i tida. Det har vi ikkje klart. Og resultata ser vi no. Ekstremvêret «Jakob», flaumen i Valencia, hetebølger, brannane i LA osb. Klimakrisa kostar liv! Vi må endre oss!
Nye oljelisensar
Og etter alt det her skulle ein kanskje tru at regjeringa hadde tenkt å handle! At regjeringa hadde tenkt å gjere noko for at færre menneskeliv, og dyreliv skulle gå tapt, men nei da. Regjeringa svarar med å dele ut masse nye oljelisensar. Altso å sleppe ut enda meir. Til trass for at alle verdas land, inkludert Noreg, var einige om å gå vekk frå olje og gass. Det at Noreg ikkje bryr seg om det FN har vedtatt, er alvorleg.
Eg og miljøagentane meiner at vi må lytte til FN, og avgrense våre klimagassutslepp. Om du er mellom 0–15 år og einig i dette, må du gjerne melde deg inn hos oss.
Vi står saman, og da må dei vaksne og politikarane lytte til oss. Er det ein ting eg har erfart i løpet av mine år som leiar i Barnas klimapanel, so er det at politikarane treng barn og unge til å halde dei litt i nakken. Det er oss.
2025 – året vi handlar
Eg har vore leiar av Barnas klimapanel i nokre år no, også dette året. Og eg vil sei at dette er eit stort problem, men ingen ting er umogleg.
So la oss gå saman og sørge for at 2025 vert det året der vi handlar, gjer noko bra for klimaet. Vi skal vinne dette! For når vi kjemper for noko saman, so vinn vi.