Forskarar vil forby stoff som gir raske ski

– Ingen problem for skiløparane våre, seier smørjesjefen på det norske landslaget i langrenn.

Kjemikaliane PFAS gjer ski glatte, men er farlege for miljøet og helsa vår. PFAS finn vegen inn i naturen og kroppen vår, og der blir dei for alltid. Derfor har dei fått namnet «evigheitskjemikaliar», skriv Ung.Forskning.no.

Har andre smurningar

No ønskjer Noreg og fleire andre land å forby over 10.000 slike stoff. Skismurning med PFAS er allereie ulovleg i konkurransar, og alle ski blir testa for juks.

– Me har god kontroll og andre smurningar som fungerer bra, seier Tord Hegdahl, smørjesjef for landslaget til Ung.Forskning.no.

Raske norske ski utan miljøgifter kan med andre ord gå glatt!