Trondheim
- Fylke: Trøndelag
- Noregs tredje mest folkerike kommune (etter Oslo og Bergen)
- Innbyggjartal: 215 873
- Landareal: 496 kvadratkilometer
- Innbyggjarnamn: Trondheimer eller trondhjemmer
Kva er det beste med å bu i Trondheim?
– Eg veit ikkje: Det er for mykje bra her. Men vi har ein av dei beste skogane i Noreg. Eg elskar å gå på tur og ski i skogen. Det er så mange gøye stader å gå på ski, seier Hans.
– Eg tykkjer det beste med Trondheim er alle restaurantane. Eg er veldig glad i Subway, sjølv om det ikkje akkurat er ein restaurant, seier Noad.
Kva er din favorittplass i Trondheim?
– Klatreparken Høyt og lavt. Det er veldig gøy å vere der og klatre. Eg tykkjer det er spennande, fortel Noad.
– Favorittplassen min er Vassfjellet. Det er ein skibakke i Trondheim. Eg elskar å både gå og stå på ski, svarer Hans.
Kva bør barn og unge finne på om dei er på besøk i Trondheim?
– Eg tykkjer det er så fin natur her, så eg vil anbefale og gå på ski eller sopptur eller noko slik. Ein kan også gå på vanleg tur og plukke bær, foreslår Hans.
– Eg vil anbefale Rush trampolinepark. Men det aller artigaste er å ta seg ein tur til fotballbanen på Lade, fordi du kan møte mange folk bortpå der. Der kan ein møte mange nye vennar ein kan spele fotball med, seier Noad.
Vil du bu i Trondheim heile livet?
– Eg vil ikkje flytte vekk frå Trondheim, men eg har lyst til å reise mykje. Reise overalt eigentleg. Men berre på ferie, forklarer Noad.
– Eg har ikkje lyst til å bu i Trondheim akkurat heile livet. Eg har litt lyst til å gjere det motsette av far min som flytta frå Elverum til Trondheim. Eg tykkjer det er veldig fint i Elverum, så eg kan tenkje meg å i alle fall studere der. Og så kanskje flytte tilbake til Trondheim, seier Hans.
Kva skulle du ønskje var annleis med Trondheim?
– Det er ikkje noko særleg eg skulle ønskje var annleis med Trondheim. Før var det ganske skittent her, men eg synest vi har blitt flinkare til å rydde søppel, svarer Hans.
– Eg skulle ønskje at det var meir mat her. Meir restaurantar. Spesielt skulle eg ønskje det var meir Subway- og Burger King-restaurantar, seier Noad.