Naudvarsel blir testa over heile landet

I dag blir både Naudvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslinganlegg testa over heile landet.

Klokka 12 i dag, onsdag 8. januar, sender politiet ut naudvarsel til mobiltelefonar som er i Noreg. Varselet inneber at mobiltelefonar over heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal.

Samstundes vil tyfonar bli testa. Tyfonar er sirener som er plassert rundt om i landet for å varsle flest mogleg menneske om ein naudssituasjon.

Sikrar at systemet fungerer

Årsaka til denne testen er å gjere befolkninga kjent med korleis det er å få naudvarsel.

Testen blir òg gjort for sikre at systemet som skal sende ut naudvarsel fungerer som det skal, dersom ein faktisk naudssituasjon skulle oppstå i Noreg.

Ønskjer du å ikkje få naudvarsel på telefonen må du anten sette han på flymodus eller skru han av mellom klokka 11.55 og 12.15 i dag, skriv Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.