Skrivekonkurranse: Skriv om håp for framtida!

Bli med på skrivekonkurransen til Framtida junior, Foreningen !les og Klimafestivalen junior og vinn fine premiar!

Skriv ein tekst eller lag ein teikneserie om korleis du ser for deg heimplassen din i år 2050. Kva trur du vil forandra seg frå korleis heimplassen din er i dag? Og kven må ta ansvar for at heimplassen din skal vera best mogleg i framtida?

Du kan velja å skriva eller teikna om eitt av fire tema:

1. Natur og klima: Korleis trur du naturen og klimaet vil endra seg? Kva håpar du kan skje? Kven meiner du har ansvaret for at det skal skje?

2. Transport: Korleis vil skuleelevar koma seg til skulen i framtida? Kva transportmiddel vil me bruka i det daglege – og når me skal på ferie?

3. Arbeid: Kva nye yrke vil me trenga i framtida? Kva trur du folk vil jobba med på heimplassen din i framtida? Kva håpar du at du kan jobba med, og kvifor?

4. Skule: Korleis trur du skulen vil vera i framtida? Kva er det viktig at elevane lærar i framtida? Og kven har ansvaret for at skulen skal bli best mogleg?

Du kan la deg inspirera av tekstane i Tid for ti 2025, der finn du mange ulike måtar å fortelja på.

Du kan laga det som ein faktatekst, eit lesarinnlegg eller ei historie frå framtida – alle sjangrar er velkomne!

Krav:

– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. Om ikkje alt er rett, så går det fint! Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte!

Frist: 21. februar 2025

Vinn fine premiar

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader og bokpakke frå Foreningen !les. Den beste klassen med flest gode tekstar og teikneseriar får 2000 kroner i premie.

Tips

Her finn du tips til å skriva lesarbrev!

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og petra@foreningenles.no. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse 2025» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

Konkurransen er eit samarbeid mellom Framtida junior, leseaksjonen Tid for ti i regi av Foreningen !les og Klimafestivalen junior. På tidforti.no kan du lese utdrag frå fleire gode bøker.