Noreg hjelper svoltne menneske i Sudan

Menneska i Sudan slit med ekstrem svolt, og Noreg vil hjelpa. No gir Noreg 170 millionar kroner til mat og anna hjelp folk treng for å overleva.

Over halvparten av Sudans folk treng hjelp for å overleva dei neste månadene. Pengane frå Noreg går til FNs matvareprogram, FNs matvareorganisasjon (FAO) og det humanitære landsfondet for Sudan som jobbar med å redde liv i det krigsherja landet.

– Ingen andre stader i verda svelt folk i eit slikt omfang. Derfor trappar Noreg opp støtta til sivilbefolkninga som er ramma av svolt i den forferdelege konflikten i Sudan, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim til NRK.