Du treng:
- 3 blad hovudkål
- 1 raudt eple
- 2 matskeier crème fraîche orginal, 35 %
- ½ teskei salt
- ¼ teskei pepar
- 4 fine rundstykke
- 400 gram medisterdeig
- litt kverna salt og pepar
- 1 matskei margarin
Slik gjer du:
- Ta ut alle steikebrett frå omnen. Set den på 190 °C. Bruk over- og undervarme.
- Riv blad av kålen. Skyll under kaldt vatn.
- Legg kålblada oppå kvarandre og rull saman til ei lefse.
- Skjær kålblada i tynne strimler på tvers. Skjær strimlene i mindre bitar. Ha kålen i ein bolle.
- Skyll eple i kaldt vatn.
- Del eplet i båtar, og kast kjernehuset.
- Del eplebåtane i små bitar.
- Ha eplebitane i bollen med kål.
- Ha crème fraîche i bollen med eple og kål.
- Krydra med salt og pepar.
- Rør alt godt saman med ei skei og set bollen i kjøleskapet.
- Les på pakken kor lenge rundstykkene skal steike.
- Legg dei på ei rist og sett dei i omnen.
- Medan rundstykkene steiker kan du lage hamburgarar. Del medisterdeigen i 4 delar. Rull kvar porsjon til ein ball og press kvar ball litt flat, slik at det liknar ein hamburgar.
- Krydra med salt og pepper. No er dei klare for steiking.
- Bruk gryteklutar og ta rista med rundstykker ut av omnen, når dei er ferdige. Sett rista på ein stad som tåler varme til avkjøling. Hugs å skru av omnen!
- Set ei steikepanne på plata og skru på medels varme. Ha i margarin eller smør.
- Når margarinen har slutta å brusa, legg burgarane i steikepanna og steik i 3 minutt på den eine sida.
- Snu hamburgarane og steik i 3 minutt på den andre sida. Skru av varmen når du er ferdig og trekk steikepanna vekk frå den varme plata. Hugs å skru av kokeplata!
- Snu fjøla slik at den reine sida kjem opp. Du kan også ta ei ny fjøl, viss du har. Del rundstykkene i to.
- Legg dei på ein tallerk og ha eple- og kålsalat på botnen.
- Legg ein hamburgar oppå kålsalaten. Legg brødet på toppen. Gjer det same med resten av burgarane.
Hugs å vaske opp og rydde etter deg når du er ferdig!